Backup

Fra TermvaktWiki
Revisjon per 14. sep 2011 kl. 10:19 av Tobiasvl (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigasjon, søk

Innhold

Tryggleikskopiar

Snapshot

Studentar kan som regel finna ein katalog som heiter .snapshot på heimeområdet. Denne katalogen er aldri synleg når du listar opp filene, du må vita om han. Under denne finn du kopiar av heimeområdet ditt frå dei siste dagane, og du kan bruka denne katalogen til å finna att filer du har sletta ved eit uhell. Meir om detta kan du finna her: USIT forklarar .snapshot


restore@usit.uio.no

Viss du har mista ei fil på heimeområdet ditt, og du ikkje finn henne under .snapshot eller ikkje har .snapshot, kan du ta kontakt med backup-avdelinga på USIT. Send ein e-post til restore@usit.uio.no. I e-posten skriv du så fullstendig bane som mogleg til fila eller mappa du vil ha gjenoppretta, og håpar det beste. Viss fila var meir enn ein dag gamal då ho vart sletta eller overskriven er det nesten sikkert at du kan få henne igjen.

Det er ikkje backup av alt

Området /tmp på Linux-maskinane er reservert til mellombelse filer. Alt du lagrar her vil berre liggja på den maskinen du brukar, og vil ikkje vera synleg på andre maskinar. Dessutan vil det verta sletta i løpet av natta. Det finst ikkje backup av dette området

Områda C: og D: på Windows-maskinar er berre delvis tilgjengelege, og det som er lagra her vert sletta med jamne mellomrom.

Personlige verktøy
Navnerom
Varianter
Handlinger
Navigasjon
Kategorier
Programvare
Andre
Translate
Verktøy